Mine beste oppskrifter

Mine beste oppskrifter

Dessertar, kaker og middagsoppskrifter

Kjøp kokebøker hos

Haugen Bok

Heimelaga is

DessertOpprettet av Margrete lø., juli 28, 2012 16:13:00

Veldig godt - og fyl du denne oppskrifta treng du ikkje ismaskin

Pisk 6 eggeplommar med 3 dl frose sukker.
Stivpisk 6 eggekviter
Stivpisk 6 dl kremfløte
Hakk 1 plate mørk kokesjokolade

Bland alt og frys:)



  • Kommentarer(1)//mat.skaare.net/#post6

Karamellpudding

DessertOpprettet av Margrete on., juli 25, 2012 23:03:40

2 dl sukker til glasering av forma
1 vaniljestong
6 dl H-melk. Du kan bruke 6 dl laktosefri melk om du vil ha stivare pudding.
3 dl kremfløte
6 ss sukker
6 egg

Framgangsmåte:

Bruk ei 1½ liters avlang brødform. Hugs å ha rett storleik på forma.
For å finne form med rett storleik måler ein opp 1½ liter vatn og tømer det i forma. Dersom dette når opp til kanten er forma på 1½ liter.
Alternativt kan puddingen lagast i porsjonsformer eller anna form. Ved anna storleik på forma må ein omrekne og tilpasse oppskrifta.

Glasering av forma:
Sett den største plata på komfyren på middels varme. Sukkeret vil smelta litt ujamt i forma, så rørt med ei tresleiv til sukkeret er heilt smelta.
Lyft vekk forma frå plata om karamellen vert for varm og bobla mykje. Lat forma stå på plata til sukkeret er gyllenbrunt, tak forma av plata. Forma og karamellen vert svært varm, bruk tjukke gryteklutar.
For å glasere forma med karamellen vender du på forma, dekk ei side på forma om gangen. Vend forma vekk i frå deg for å unngå brannskade. Snu og vende på forma til karamellen er så kald at den stivnar, og alle sidene dekte.

Puddingen: Snitt vaniljestanga på langs. Legg den opne vaniljestonga i ei gryte, slå over oppmålt heilmjølk, fløte og sukker.
Det er viktig å bruke heilmjølk, for med lettmjølk eller skummamjølk vert ikkje puddingen stiv nok.
Kok opp blandinga, ta gryta av plata når blandinga kokar.
Pisk egga lett saman med ein gaffel. Eggeblandinga treng ikkje å vere heilt jamn, då er det lite luft som vert piska inn i blandinga.
For å unngå at puddingen vert ”nålete” (pipete) var det viktig å ikkje piske egga for mykje.

Ta opp vaniljestanga frå mjølkeblandinga og skrapa ut vaniljefrøa inne i stanga.
Visp den litt avkjølte mjølkeblandinga med visp medan du slår ein tynn stråle av dei piska egga ned i blandinga. Sil blandinga over i den glaserte forma.
Lat forma stå i 10 minutt før den skal inn i omnen, røra får då tid til å sette seg og det forhindra luftbobler (piper).



Steiking: Sett omnen på 125 ºC. Fyll langpanna ¾ med varmt vatn frå springen. Sett langpanna inn i steikeomnen på nedste rille. Sette forma inn i varm omn og still tidsuret på 90 minutt.
Etter 90 minutt skal puddingen vere lys brun på toppen. Kontroller at puddingen er ferdig ved å stikke ein kniv ned i puddingen og sjå at den er fast. Det skal ikkje vere flytande blanding ved kniven når du trykkjer kniven til tilsides.
Ta ut forma og set den til kjøling.

Puddingen kan lagst fleire dagar før den skal serverast.
Losne puddingen rundt kanten med ein spiss, liten kniv. Legg eit fat med kant over forma og snu raskt.

Karamellen i forma har no vorte til karamellsaus. Dersom det sit karamell fast i forma kan ein koke det ut med litt vatn. Puddingen kan serverast med karamellsaus på fatet. Om ein ynskjer kan ei pynte med stivpiska krem, eller servere puddingen med piska krem i ei skål ved sida av. Om ein vil, kan ein blande karamellsaus inn i kremen.





  • Kommentarer(0)//mat.skaare.net/#post5

Brente mandlar

DessertOpprettet av Margrete on., juli 25, 2012 22:56:40

1 dl mandlar
1 dl sukker
1 dl vatn

Om du vil lage større porsjon vert resultatet best om du lagar ein porsjon om gangen!

Kok opp vatn, sukker og mandlar i ei steikepanne. Bruk over middels varme, her er bruk stille 6 av 9 på komfyren. Du treng ikkje å røre så mykje enno.

Kok til mandlane vert dekte av tørr sukkermasse. No må du røre i blandinga heile tida, og steik vidare på same varme til sukkeret smeltar og vert karamelle.

Avslutt når du synest fargen er passe brun. Steiker du for lenge smakar det brent.

Tøm dei brente mandlane utover eit bakepapir eller smurt bakeplate for avkjøling. Marte brukar silikon bakepapir som kan brukast mange gangar. Sprei mandlane godt utover slik at det ikkje vert store klumpar som det er vanskeleg å ete.

Fyll dei brente mandlane over i eit tett glas eller boks så snart dei er avkjølte, då unngår du at dei vert klissete.

  • Kommentarer(0)//mat.skaare.net/#post4